Lyden av Manger er musikk

Sjå for deg ein velstelt skuleplass, omkransa av trivelege hus. Lukk augene og høyr! Fjerne messinginstrument, lav bass, lys song, rytmiske steg frå dansesko. Det er lyden av Manger Folkehøgskule.

Passe stort, passe lite. Passe mange elevar. Passe nært Bergen. For deg som skal langt med interessa di, og for deg som ikkje skal nokon stad, berre læra meir. Ein god lærar treng du uansett.


Nytt om nybygg

No kan ein verkeleg begynne å sjå resultatet av oppussinga og nybygginga ved Manger Folkehøgskule. Det som før var delvis åtskilt peisestove og matsal har no vorte gjort om til eit enkelt stort og lyst rom. Rommet har også blitt utvida med to og ein halv meter mot skuleplassen og har blitt utstyrt med store vindaugsflater. Akkurat no er det betongdekke på golvet, men i løpet av vinterferien vert...   Les meir...

Eventyrstund

Onsdag hadde elevane på brassband heile tre framsyningar av eit sjølvlaga musikalsk eventyr retta mot born i grunnskulen. Under Helga og Grethe si kyndige rettleiing har våre elevar dei siste vekene jobba med å sy saman framsyninga i ensembletimane. Når ein lagar materiale for born er det mange som finn igjen bornet i seg sjølv, så det har vore mykje smil, latter og ablegøyer under førebuingane....   Les meir...

Manger Folkehøgskule
5936 Manger
Tlf.: 56 34 80 70
Fax: 56 34 80 71
Epost: kontor@manger.fhs.no
 
Hordaland fylkeskommune